Personverngaranti     Personalia     Utdanning og erfaring     Kurs og Kompetanse     Diverse     Søknad     Opprett login  


Velkomen som søkjar til Universitetet i Oslo!

Før du startar opp med å fylle ut dette elektroniske søknadsskjemaet, er det viktig at du les grundig gjennom rettleiinga under. Meir informasjon om saksgangen i rekrutteringsprosessen og om UiO som arbeidsplass finn du på nettsidene våre Jobb ved UiO. Dersom du har spørsmål, sjå kven du kan kontakte.


Rettleiing
  1. Oversyn over søknadsprosessen
    Det grå beltet over viser deg at det elektroniske søknadsskjemaet har sju steg.  Det steget du er på er utheva med kvit bakgrunn. Akkurat no er du på inngangssteget ”Personverngaranti”. Den eigenlege søknadsprosessen tar først til når du har klikka deg fram til steget  ”Personalia”.  Etter det vil du ha fire samanhangande timar til å fylle ut og sende inn søknadsskjemaet.  Under søknadsprosessen kan du navigere fritt mellom stega og endre informasjon og opplastingar, men det er ikkje mogeleg å mellomlagre for å halde fram med å jobbe med søknaden på eit seinare tidspunkt. Det er heller ikkje mogeleg å endre søknaden etter at han er send. CV kan du likevel endre seinare.

  2. Førebuingar
    Før du tar til med søknadsprosessen, vurder å opprette ein jobbsøkjarkonto og pass på at følgjande dokument ligg klare i elektronisk format (word, pdf, txt – maksimum 10 MB per vedlegg):
    a) CV – blir lasta opp under ”Ymse”
    b) Søknadsbrev – blir lasta opp eller limt inn under ”Søknad”
    c) Andre vedlegg som det er spørsmål etter i stillingsutlysinga, til dømes prosjektomtale, publikasjonsliste, referansebrev – blir lasta opp under ”Søknad”

  3. Reservasjon mot å bli ført opp i offentleg søkjarliste
    Søkjarlister i offentleg sektor er som hovudregel offentlege, jf. offentleglova § 25 (lovdata.no). Søkjarar som ønskjer å vere anonyme må be om dette særskilt (under ”Personalia”) og grunngje det (under ”Søknad”).

  4. Personvernfråsegn og innlogging
    For å kome i gang med søknadsprosessen må du lese gjennom og godkjenne personvernfråsegna nedanfor og klikke ”Neste”. Dersom du tidlegare har oppretta eit brukarnamn og passord, skriv du inn dette og klikk på ”Logg inn” og deretter på ”Neste”.

  5. Utfylling av søknaden
    Importer data med portableCV eller fyll ut alle felt som krevst (markert med rød stjerne) i alle stega. Under ”Utdanning og erfaring” er det ikkje nok å vise til CV som ligg ved. Desse felta må du fylle ut for at vi skal kunne lage søkjarlister. Du kan leggje inn så mange oppføringar som du ønskjer i felta for utdanning og erfaring.

  6. Brukarnamn og passord
    I siste steg ”Login informasjon” kan du opprette eit brukarnamn og passord for å bruke opplysningar på nytt ved framtidige søknader til UiO.

  7. Kontroll av søknaden
    Frå steget ”Login informasjon” kan du klikke deg vidare til eit oversyn over søknaden din. Her kan du kontrollere alle opplysningane som du har fylt inn og dokument som du har lasta opp, og eventuelt gå attende for å gjere endringar før du sender inn søknaden. Med unnatak av CV er det ikkje mogeleg å endre på søknaden etter at han er send.

  8. Innsending av søknaden
    Når du er nøgd med søknaden din, klikkar du på ”Send søknad” nedst til høgre i søknadsoversynet.

Ver merksam på!
  • Du har fire samanhangande timer på deg til å fylle ut søknadsskjemaet. Dersom du treng meir tid, rår vi deg til å opprette ein jobbsøkjarkonto før du startar søknadsprosessen.

  • Det er ikkje mogeleg å mellomlagre søknaden og halde fram med prosessen seinare.

  • Med unnatak av CV er det ikkje mogeleg å endre på søknaden etter at han er send.

  • For å navigere mellom stega i søknadsskjemaet brukar du knappane ”Neste” og ”Attende” nedst til høgre i stegvindauga. Du kan ikkje bruke navigasjonsknappane øvst i nettlesarvindauget.

  • Pass på at du får lagra informasjon på staden der du er ved å trykkje ”Neste” før du eventuelt går attende til eit tidlegare steg for å gjere endringar.

  • Det er berre mogeleg å laste opp 10 MB per vedlegg.

Personvernfråsegn

Dei opplysningane som du melder frå om i søknaden din og CV-en blir berre lagra i databasen vår for å kunne ta stillling til deg i rekrutteringsprosessane våre. Vi garanterar at personopplysningar ikkje vil bli nytta i andre samanhangar eller av andre verksemnder. Vi garanterar òg  for at informasjon berre blir nytta i samband med rekruttering for UiO.  Opplysningane vil berre bli lagra i perioden som er naudsynt for at vi skal kunne oppfylle plikta vi har andsynes deg og den gjeldande lovgjevinga til ei kvar tid til å arkivere eller ta vare på opplysningane.

I samband med søknadsprosessen nyttar UiO rekrutteringsløysingar som blir tilbode av Lumesse. Dette selskapet vil berre ha tilgang til personopplysningane dine så langt det er naudsynt for å tilby oss rekrutteringsløysinga og brukarstøtte.

Du kan på spørsmål til Organisasjons- og personalavdelinga ved UiO be om innsyn i kva for personopplysningar som er lagra om deg og kva slag handsaming desse får. Dersom registrerte opplysningar ikkje er rette, er ufullstendige eller irrelevante, kan du krevje å få dei retta, supplert eller sletta.  Dersom du har oppretta brukarkonto hos oss i denne rekrutteringsløysinga, kan du også sjølv slette eller endre registrerte opplysningar om deg gjennom pålogging med brukarnamn og passord. UiO er ansvarleg for handsaming av personopplysningar, og har besøksadresse Lucy Smiths hus, Problemveien 7, 0316 Oslo.

Dersom du har spørsmål om tryggleiken rundt rekrutteringsprosessane våre, kan du kontakte oss på postmottak@admin.uio.no.

Vi gjer merksam på at e-post blir nytta til mykje av kommunikasjonen vi har  i rekrutteringsprosessen, og at alle jobbsøkjarar må godta personvernfråsegna vår for å kunne sende inn ein elektronisk søknad eller registrere ein brukarkonto i rekrutteringsløysinga.

                   



Kva er portabel CV?





  * Alle felt som er merka med raud stjerne må fyllast ut *