Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidd og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig Samfunnsaktør.

Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.

Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og ein fakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den nye tverrfakultære satsinga UiO:Norden, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).
Det humanistiske fakultet
Eksamenskonsulent ved Studieseksjonen

Det humanistiske fakultet (HF) har ledig ei stilling som eksamenskonsulent (førstekonsulent SKO 1408) ved Studieseksjonen.

Studieseksjonen har per i dag 22 tilsette som jobbar med ulike studierelaterte oppgåver som dekker heile breidda i studiefeltet, og denne stillinga vil ha eksamensadministrasjon som sitt arbeidsfelt.

Eksamensarbeidet ved fakultetet er organisert som ei eiga gruppe i studieseksjonen med 6 medarbeidarar. I tillegg til eksamensplanlegging og –gjennomføring, er gruppa også ansvarleg for vitnemål og annan dokumentasjon, godkjenning av norsk utdanning og forvalting av rutinar og reglar for saksfeltet på fakultetet. Vidare har gruppa ein viktig brukarstøttefunksjon overfor institutta ved fakultetet. Eksamensarbeidet på HF og UiO er i endring, og ein stadig større del av eksamenane blir digitale. Om lag 40% av eksamenane på HF blir gjennomført digitalt våren 2017.

Du vil få følgande arbeidsoppgåver:

  • generell eksamensdrift, m.a. avvikling av digital eksamen
  • saksbehandling innan eksamensfeltet (inndraging av studierettar, tilrettelagd eksamen og annan saksbehandling innan feltet)
  • lage vitnemål
  • svare på førespurnader frå studentar og gi brukarstøtte til institutta ved fakultetet

Det kan òg bli lagt andre oppgåver innanfor studiefeltet til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning minimum tilsvarande bachelornivå, relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
  • gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg, på norsk og engelsk
  • gode IT-kunnskapar
  • det er ein fordel med erfaring frå tilsvarande arbeid innanfor universitets- og høgskolesektoren

Vi ser etter søkarar som

  • har gode samarbeidsevner og kan jobbe i team
  • er effektive og nøyaktige
  • er serviceinnstilte og har god stressmestring
  • har godt humør

Vi tilbyr

  • årslønn 412 600 – 489 300 kr per år, avhengig av ansiennitet og kompetanse
  • et hyggelig og stimulerende arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • gode veldferdsordningar
  • høve til trening i arbeidstida

Til informasjon skal følgande dokument sendast ved den elektroniske søknaden, helst i pdf-format:

  • søknadsbrev
  • CV

Vi viser òg til retningsliner for teknisk-administrative stillingar.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli gjort offentlege sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

  • Fylke:
  • Oslo
  • Jobbtype:
  • Fast
  • Heiltid/Deltid:
  • Heiltid
  • Arbeidstid:
  • Dag
  • Søknadsfrist:
  • 28. mars 2017
  • Arbeidsstad:
  • Oslo
  • Referansenummer:
  • 2017/3376