Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidd og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Sosialantropologisk institutt har sidan det vart etablert i 1964 vore ein viktig arena og utgangspunkt for den anerkjente norske antropologiske tradisjonen. Instituttet er eit av dei største sosialantropologiske universitetsmiljøa i Europa, og størst i Norden.
Det samfunnsvitskaplege fakultet, Sosialantropologisk institutt
Forskingskonsulent/-rådgjevar

Sosialantropologisk institutt (SAI) har  ledig ei fast stilling som forskingskonsulent/-rådgjevar (seniorkonsulent SKO 1363/rådgjevar SKO1434). Stillinga inngår i instituttet sin administrasjon på åtte personar. I tillegg deltek stillingsinnehavaren i det forskingsadministrative nettverket ved Det samfunnsvitskaplege fakultet (FANE-nettverket). Den som vert tilsett får ansvaret for den administrative oppfølginga av instituttet sine eksternfinansierte forskingsprosjekt. SAI ha for tida eit ERC Advanced grant, og er partner i eit anna EU-prosjekt. Instituttet husar også fleire andre eksternfinanserte prosjekt, og har høg søknadsaktivitet.

Arbeidsoppgåver

  • Identifisere og informere om eksterne finansieringskjelder
  • Utforming av søknadar og budsjett i tett samarbeid med prosjektleiar og prosjektøkonom
  • Koordinering og oppfølging av prosjekt, inkludert kontraktsinngåing og rapportering
  • Arrangere konferansar og seminar
  • Videreutvikling av instituttet sine nettsider om forskingsverksemda ved instituttet
  • Oppfølging av gjesteforskarar og vitenskapelege assistentar
  • Ein som blir tilsett som rådgjevar vil i tillegg få noko utrednings- og analysearbeid knytt til eksternfinansiert verksamd
  • Det er ein føresetnad at den som blir tilsett held seg fagleg oppdatert og bidreg til fagleg utvikling av feltet

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande mastergrad. Dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
  • Relevant erfaring frå forskingsadministrasjon
  • Erfaring med administrasjon av prosjekt finansiert av Forskingsrådet
  • For å bli tilsett som rådgjevar er erfaring med EU-søknader, drift av EU-prosjekter og god kjennskap til EU og EUs rammeprogram ein føresetnad
  • God kjennskap til og interesse for samfunnsvitskap, og gjerne faget sosialantropologi
  • Kjennskap til budsjettering og rekneskap
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er ein føresetnad

For å bli tilsett i stilling som rådgjevar må ein ha særleg relevant erfaring tilpassa funksjonane i stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
  • har evne til å koordinere andre, og kan handtere mange og ulike oppgåver i eit hektisk miljø
  • tek ansvar og kan jobbe sjølvstendig, systematisk og effektivt
  • kan syne engasjement og initiativ, og har evne til å motivere forskarar
  • har god talkjensle
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • eit hyggeleg arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver
  • eit fagleg stimulerande miljø
  • seniorkonsulent løn frå kr 477 800 til kr 535 900/rådgjevar løn frå kr 512 700 til kr 577 400 per år, avhengig av kompetanse
  • gode pensjonsordningar i Statens Pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar

Den elektroniske søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev med skildring av relevant bakgrunn og jobberfaring
  • CV

Attestar og vitnemål skal takast med på eit eventuelt intervju.

Andre opplysningar

Som statleg institusjon har vi eit personalpolitisk mål om å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad og å rekruttere personar med etnisk minoritetsbakgrunn.

Ifølge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentlege søkjarlista.

I tillegg ynskjer UiO at våre medarbeidarar i størst mogeleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi legge forholda til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

  • Jobbtype:
  • Fast
  • Heiltid/Deltid:
  • Heiltid
  • Arbeidstid:
  • Dag
  • Søknadsfrist:
  • 9. mars 2017
  • Referansenummer:
  • 2017/1304